HAUGHEIM BUSTADOMRÅDE

Reguleringssplan for bustadområdet Haugheim vart godkjend i Formannskapet 09.03.11 og planlegging av 18 nye leilegheiter i området pågår. Haugheim ligg på Hauge, sentralt på Osterøy og med kort veg til fastlandet.

Kvar av leilegheitene vert utforma som tre-roms på omlag 75 m2, og skal ha gode kvalitetar. Det vert lagt til rette for universell utforming av alle leilegheitene med felles heis, og felles varmeanlegg basert på jordvarme.

I direkte nærleik er det gode tur- og rekreasjonsmogelegheiter, offentleg transport frå kollektivterminal ved FV 567, næringsområde med mange arbeidsplassar, til dømes Osterøytunet sjukeheim. I tillegg er det både barnehage, skule og ungdomshus, alt i gangavstand.






Osterøy Entreprenør AS
Næringsparken Hauge
5281 Valestrandsfossen

Tel:
56 19 30 40
Fax:
56 19 30 41
E-post:
post@ostent.no




Tips en venn